Birgith Reinskås Lunden

Naturbasert næringsutvikling, landskap

E-post:
Mobil:

Birgith er utdanna landskapsarkitekt frå UMB på Ås med fordjuping i overordna planlegging. Yrkeserfaringa til Birgith er hovudsakleg frå Statens vegvesen og der ho arbeidde mykje med planlegging og konsekvensutgreiingar, særleg innanfor tilrettelegging for mjuke trafikantar.

Ho har opparbeidd seg kompetanse innan prosjekt- og prosessleiing, planlegging etter plan og bygningslova, konsekvensutgreiingar og anna analysearbeid. Er fortida i fødselspermisjon, og startar arbeidet sitt i Faun januar 2018. Arbeidsområdet til Birgith blir innan naturbasert næringsutvikling og naturkartlegging og utgreiing, med særleg fokus på landskap. I tillegg blir ho Faun sitt estetiske alibi og skal bidrage med visuell kommunikasjon i prosjektarbeid.

Gift med Kristian og saman har dei borna Hæge og Thor. Dei bur på garden Lunden i Kviteseid kommune. Ho er interessert i foto, hage og ulike former for friluftsliv. Med jobb i Faun kom det også seks tåtelam til gards, kanskje var dette starten på noko større innan gardsdrift?




Tilsette

Tor Gunnar Austjord
Dagleg leiar
Mer...

Anne Engh
Naturkartlegging og utredning
Mer...

Helge Kiland
Fiske- og vassdragsforvaltning
Mer...

Lars Egil Libjå
Viltforvaltning
Mer...

Birgith Reinskås Lunden
Naturbasert næringsutvikling, landskap
Mer...

Morten Meland
Viltforvaltning
Mer...

Ole Roer
Naturkartlegging, utredning og viltforvaltning
Mer...

Trond Stabell
Limnolog
Mer...

Monica Sølyst
Naturbasert næringsutvikling
Mer...

Kristine Våge
Fiske- og vassdragsforvaltning, naturkartlegging
Mer...