Prosjekt:

 

Naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova (2009). 
Inngrep i naturen skal vanlegvis behandlast etter plan og bygningslova og naturmangfaldlova. Naturmangfaldlova er fyrst og fremst ei sektoroverripande lov som legg føringar for praktisering av anna lovverk.  


§ 7 i lova krev at vedtak som gjeld naturmangfaldet alltid skal grunngjevast, og § 6 - 10 set krav til kunnskapsgrunnlag, innhenting av ny kunnskap og vurdering av samla belastning i området. Kravet til kunnskapsgrunnlag er nærare spesifisert i rettleiar T-1514 MD, kapittel 2.

Ved tiltak som bare gjeld små naturverdiar vil det normalt vera nok med ein sjekk i Artskart og Naturbase. Der det er større naturverdiar kan ei nærare undersøking og vurdering i høve til naturmangfaldlova vera nødvendig. Ved større naturinngrep kan det bli tale om større utgreiingar etter reglane i Plan og bygningslova, jamfør Forskrift om konsekvensutgreiing (FOR-2009-06-26-855).

 

 

Kontaktinformasjon

Helge Kiland

 




Filer til nedlasting