Prosjekt:

 

Tokke-Vinje vassområde

Faun Naturforvaltning har sidan 2008 vore prosjektleiar for Tokke-Vinje vassområde. Vassområdet er eit av pionerområda for utprøving av den nye vassforskrifta, etter at Noreg slutta seg til EU sitt vassrammedirektiv. Direktivet skal sikre vern og berekraftig bruk av vassførekomstar og vassmiljø.

 

Tokke-Vinje vassområde har rundt 200 vassførekomstar. Ca 50 av dei er sterkt påverka av vassdragsregulering. Faun har her ansvaret for overvakingsprogram og klassifisering av økologisk tilstand for alle vassførekomstane. Faun har også laga tiltaksanalyse for vassområdet, med forslag til tiltaksprogram. Det har vore noko av grunnlaget for vassforvaltningsplanen for Vest-Viken vassregion, som blei vedteken av Kongen i statsråd i juni 2010 og som gjeld  til ut 2015. Faun er nå i gang med grunnlaget for ein ny forvaltningsplan, som skal gjelde for perioden 2016 – 2021.

 

I følgje vassforskrifta er det dei enkelte sektormyndighetane som har ansvaret for tiltak innan sine ansvarsområde. Det er etablert ei faggruppe for vassområdet, der både kommunale etatar, Statkraft og Fylkesmannen er med. Vassforskrifta set krav om lokal medverknad, informasjon og samarbeid, og ein har derfor lagt vekt på å trekke med seg lokale fiskelag, grendelag og andre interessegrupper. Faun er fagleg sekretær for arbeidsgruppa og for vassområdeutvalet, som er oppnemnt av kommunestyra i Tokke og Vinje.

 

Vassdirektivet er rekna som det viktigaste miljødirektivet i EU. Det skal sikre at alt vatn har minst  god kjemisk kvalitet og at alle naturlege vassførekomstar har minst god økologisk tilstand (for sterkt regulerte vassdrag er det andre miljømål). Manglande oppfølging av direktivet kan klagast inn til ESA, som er kontrollorganet for EØS-avtalen.

 

Meir informasjon kan hentast frå følgjande nettstader:

 

http://vrd-test.nve.no/portal/

http://vann-nett.nve.no/innsyn/

http://www.vannportalen.no/hoved.aspx?m=31139

http://bandakkanalen.no/

 

Under dei regionale sidene på Vassportalen kan ein hente opp det siste som gjeld for Vest-Viken vassregion, som Tokke-Vinje vassområde høyrer til.

 

Kontaktinformasjon

Helge Kiland

 

Nyheter

Tokke-Vinjevassdraget (Nov. 13, 2015, 1:54 p.m.)

Overvakingsprogram for Tokke-Vinje vassområde (Dec. 9, 2013, 10:23 a.m.)

Tiltaksanalyse Tokke-Vinje vassområde (Dec. 9, 2013, 10:07 a.m.)

Tiltaksanalyse for Tokke-Vinje vassområde planperioden 2016-2021 (Sept. 12, 2013, 9:21 a.m.)