Prosjekt:

 

Kartlegging av naturbasert reiseliv og utmarksnæring i Telemark

Naturen er kåra til Noregs og Telemarks største fortrinn. Det er dette turistane frå utlandet kjem for å sjå. Det naturbaserte reiselivet tilbyr ekte natur- og kulturopplevingar med feste i garden og bygdas ressursar. Innovasjon Noreg har eit eige utviklingsprogram for ”Grønt Reiseliv” som skal bidra til utvikling av verdifulle opplevingar. Mål for programmet er blant anna å vidareutvikle ressursane som garden og bygda rår over. Samarbeid, nettverk og alliansebygging vert sett på som eit verktøy som kan auke samhandling og verdiskaping i det bygdebaserte reiselivet.

Telemark Fylkeskommune har i 2010 og 2011 jobba aktivt med ”Plan for reiseliv og opplevelser”. Den regionale planen skal gje retningslinjer for fylkeskommunens arbeid og samstundes gje signal til offentleg og privat sektor innan reiseliv og opplevingsnæringa.

Vårt framlegg fylgjer tankane i programmet ”Grønt Reiseliv” og utkastet til ”Plan for reiseliv og opplevelser” og gjer eit innspel for organisering av særleg det naturbaserte reiselivet i Telemark, også kalla utmarksnæring.

Utmarksnæringa i Noreg og Telemark har mange utfordringar. Eigedomsstrukturen med mange små eigedomar krev stor grad av samarbeid for å få til større satsingar. Fleire satsingar er blitt sett i gang frå nasjonale hald, men produktutviklinga held ikkje mål og kundane har blitt skuffa.

Balanse mellom bruk og vern av utmark er ei utfordring for bygdene. Næringsaktiviteten i og ved verneområde og nasjonalparkar i Noreg, samanlikna med til dømes Tyskland og Austerrike er låg og har potensiale for å vekse. Regjeringa har i fleire år kome med innspel som taler for meir bruk. Den såkalla ”Fjellteksten” tek opp potensiale for næringsutvikling i verneområde. “Regjeringen mener likevel det er potensial for mer turistmessig bruk av våre verneområder, og vil åpne for økt miljøtilpasset turistvirksomhet som ikke kommer i konflikt med verneformålet i nasjonalparkene.” (Fra den såkalte “Fjellteksten”, St. prp. nr. 65, 2002-2003)

Statssekretær Olav T. Heggem haldt i 2009 eit innlegg på ”Seminar om forskning på bruk og vern av verneområder og randsoner”. Her presisera han regjeringas haldning til utvikling i verneområde: ”Samtidig er det viktig å legge til rette for at verneområder skal kunne være en ressurs for lokalsamfunnene og lokal verdiskaping. Dette skal selvsagt skje innenfor rammen av verneformålet i de enkelte områdene.” Han seier vidare at ”Dette medfører økt bruk av landbrukets ressurser, både mennesker og natur, for å skape lønnsom næringsvirksomhet og arbeidsplasser. Her ser jeg muligheter for et taktskifte innenfor de mange såkalte nye næringene. Det kan være bærekraftig reiseliv i vernede områder, herunder blant annet jakt, fiske, øvrig reiseliv og mye mer.

Regjeringas reiselivsstrategi frå 2007 er klar: ”Reiselivsnæringen må ta steget fra å produsere tradisjonelle reiselivsprodukter til å samarbeide om å skape helhetlige opplevelsesprodukter som inkluderer kultur, mat, historie, natur og aktiviteter, i tillegg til transport og overnatting.” Her har landbruket utvilsamt ei utfordring som forvaltar av store delar av ressursane som grunnlag for ei slik utvikling. Ikkje minst gjeld dette for Telemark med store utmarksressursar og begrensa muligheiter i ”tradisjonelt landbruk”. Vi kan sjå for oss eit landbruk i Telemark i framtida basert på ”mangesysling”.

Stadig fleire gardsbruk og utmarkseigedomar i Noreg er utan drift. Store ressursar ligg uutnytta. Status for eigedomsutviklinga i dag er at utmarkseigedomane i mindre grad nyttast som arbeidsplass.

I tida framover blir det viktig å skape kontakt mellom personar som ynskjer å satse og grunneigarar som sit på høvelege eigedomar. På denne måten utviklar vi utmarksnæringa utifrå person med kompetanse og motivasjon, ikkje utifrå eigedomen. Med ein fastlagd strategi har grunneigar betre grunnlag for å vurdere si rolle, om han ynskjer å vere ein tilretteleggar eller ein utviklingsaktør. Vi må og sjå til at utmark blir akseptert som næring i offisielle kanalar og at innteninga for grunneigar er stor nok til å verke som incentiv for satsing.

Eit av måla i ”Plan for reiseliv og opplevelser” er å ”på kort sikt få på plass en tydeligere rollefordeling av hvem som gjør hva innenfor det samlede aktørsettet”. Vi meiner hovudgrunnen til at utmarksnæringa ikkje lenger opplever gode resultat i Telemark kan vere at organiseringa etter kvart er blitt uoversiktleg og forvaltninga ikkje er samla kring felles mål. Det er mange både offentlege og private aktørar innan feltet, men vi har ingen felles plan for kva som er best for utmarksnæringa i Telemark. Ein aktør som ynskjer å utvikle noko kan finne det vanskeleg å vite kor han skal vende seg. Utan ein strategi for Telemark, vil han heller ikkje vite kva aktivitet som er prioritert. Ei kopling mellom tilbydarar og grunneigarar kan gje maksimal utnytting av både menneskelege og natur ressursar.

”Plan for reiseliv og opplevelser” seier at det strategiske fokuset skal vere å ”skape stedlige og virtuelle møteplasser og fora i form av ide og innovasjonsgrupper rettet mot nærmere definerte temaer, type aktiviteter og opplevelser”. Naturen og naturarven er nemnd som eit tema som har eit særleg potensial i Telemark. Vi ynskjer å få til eit fruktbart partnerskap. Fylkestinget i Telemark uttalte i vedtak 38/10, 20.10.2010: ”For å få til meir forpliktande samhandling i utviklingsarbeidet og sterkare samordning av verkemiddelbruken bør det utarbeides breie avtalebaserte partnerskap med periodiske handlingsplaner om tematiske eller geografiske satsingar med forankring i regional planstrategi og avleda regionale planar. Der det er føremålstenleg bør det etablerast vertikale partnerskap med deltaking frå både lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.”

Faun Naturforvaltning/AT Skog ynskjer å samarbeide med Telemarkreiser, Telemark Bondelag, Landbruksselskapet og eventuelt andre aktuelle aktørar for å finne att den raude tråden i utmarkssatsinga. Saman har vi eit godt utgangspunkt for å gjere ei grundig analyse av grunneigarsida, utviklarar og forvaltninga innan utmarksnæringa. Ei slik analyse kan vere med å gje Fylkeskommunen den nødvendige kunnskapsplattforma om utmarksnæringa i det vidare arbeidet med satsingsområda i ”Plan for reiseliv og opplevelser”.

 

Kontaktinformasjon

Monica Sølyst

 

Nyheter

489% økning for vandring (March 13, 2012, 4:28 p.m.)

Kartlegging av utmarksnæring i Telemark (Dec. 7, 2011, 10:19 p.m.)




Filer til nedlasting