Prosjekt:

 

Forvaltningsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde

Brattefjell-Vindeggen er eit samanhengande fjellområde som ligg sud for Møsvatn/Rjukan, vest for Gaustatoppen, nord for Hjartdal og aust for Rauland.
Gjennom mange hundre år har forfedrene våre nytta dette området til jakt, fangst og fiske, beiteområde og staulesdrift.
Opprinneleg er området ei landtunge av Hardangervidda som villreinen ofte trakk til når det var mange dyr på vidda. At villreinen fyrst har kome inn i området no i dei seinare åra er ei myte.
I 2000 blei Brattefjell-Vindeggen (BV) verna som landskapsvern-område med dyrelivsfredning.
Kommunane Seljord, Vinje, Tinn og Hjartdal fekk etter søknad forvaltningsmynde i området hausten 2004.
Forvaltningsplanen vart godkjent av kommunestyra og Direktoratet for Naturforvaltning i oktober 2010.
De finn planen og kart vedlagt som pdf dokument

 

Kontaktinformasjon

Ole Roer