Lars Egil Libjå

Viltforvaltning

E-post: lel@fnat.no
Mobil: 951 50 856

Lars Egil har erfaring frå mykje feltarbeid og arbeid som naturoppsyn. Han er utdanna naturoppsyn frå  HINT. Hos Faun arbeider Lars Egil med aldersanalyse av hjortevilt og generell hjorteviltforvaltning. Lars Egil jobbar og med organisering av grunneigarar og storvald, utarbeidar driftsplanar, gjer bestandsvurderingar, takserar elgbeite og gjev fagleg rettleiing på ulike nivå.

Når det er bart er Lars Egil rundt i heile Sør-Norge og gjer beitetakseringar. I tillegg arbeider han mykje med prosjektet SUSTHERB, på oppdrag frå NINA. SUSTHERB-prosjektet gjer registreringar over 20 år over korleis beiting av hjortevilt påverkar vegetasjonen. Vinterstid jobbar Lars Egil mykje med tannanalyse, registreringar i Hjorteviltregisteret og rapportskriving.

Lars Egil er sambuar med Mona, og har to barn. Til husstanden høyrer og to jakthundar. Lars Egil er glad i å vere utandørs og brukar mykje av fritida si på jakt og fiske. Han jaktar på heimelege trakter, men er og å finne på jaktmarker rundt om i Europa.




Tilsette

Tor Gunnar Austjord
Dagleg leiar
Mer...

Anne Engh
Naturkartlegging og utredning
Mer...

Helge Kiland
Fiske- og vassdragsforvaltning
Mer...

Lars Egil Libjå
Viltforvaltning
Mer...

Birgith Reinskås Lunden
Naturbasert næringsutvikling, landskap
Mer...

Morten Meland
Viltforvaltning
Mer...

Ole Roer
Naturkartlegging, utredning og viltforvaltning
Mer...

Trond Stabell
Limnolog
Mer...

Monica Sølyst
Naturbasert næringsutvikling
Mer...

Kristine Våge
Fiske- og vassdragsforvaltning, naturkartlegging
Mer...