Nyheter:


Revisjonssak for Finndølavassdraget

Fyresdal og Valle kommunar krev opning av revisjon etter vassdragsreguleringslova for følgjande konsesjonar

- Regulering av Hovatn, Fisstøylvatn og Raudvatn 7.4.1961

- Reguleringar og overføringar i Finndøla med vidare, 12.11.1970

- Bygging av Haukrei kraftverk, 22.3.1991

 

Valle kommune tok opp spørsmålet om revisjonssak for Hovatn mfl med NVE vinteren 2011. På eit møte med rådmennene i Valle og Fyresdal 2.3.2011 var Olav Bjørn Bakken frå Tokke kommune og Helge Kiland frå Faun Naturforvaltning invitert til å orientere om erfaringane frå revisjonssaka for Tokke-Vinjevassdraget. Det blei da bestemt å engasjere Faun Naturforvaltning til å førebu krav om revisjon. Det blei også bestemt å utvide kravet til å gjelde også dei andre konsesjonane i Finndøla.

 

Her finn du brevet frå kommunane: http://www.fnat.no/prosjekt/21/