Nyheter:


Naturtypar i Vest-Agder

Naturtypane rik edellauvskog og kystfuruskog er undersøkt på oppdrag frå Fylkesmannen.

I Naturbasen, www.naturbase.no, er det lagt inn ei rekke ulike naturtypar som det skal takast omsyn til ved offentleg planlegging og sakshandsaming. Nokre av registreringane er gamle, og Faun Naturforvaltning har nå undersøkt 78 område i Lindesnes og Mandal kommunar på nytt og oppdatert avgrensing og omtale av naturverdiar. Funn av viktige indikatorartar og raudlisteartar blir lagt inn i Artsobservasjonar/Artskart og Naturbasen vil bli oppdatert av Fylkesmannen. Oppdraget vil bli ferdigrapportert i løpet av vinteren 2016.




Kontakt:

Helge Kiland