Nyheter:


Faun søker to kompetente medarbeidarar

Søknadsfrist 30.mars 2015

Faun Naturforvaltning AS er ei frittståande kunnskapsverksemd som driv med viltforvaltning, fiske - og vassdragsforvaltning, naturkartlegging og naturbasert næringsutvikling.

Vi er 7 tilsette med master/bachelorutdanning innan biologi, naturforvaltning, økonomi, samfunnsfag, jordfag, skogfag, og har lang erfaring frå varierte oppgåver innan natur- og arealforvaltning. Vi har kontorstad i Fyresdal Næringshage.
 

Vi har fylgjande ledige stillingar:

1: Fast stilling med hovudvekt på viltforvaltning

2: Vikariat (4 år) med hovudvekt på kartlegging av biologisk mangfald og vatn

Stilling 1: Viltforvaltning
Stillinga er tillagt hovudansvaret for fylgjande oppgåver: Aldersbestemming av hjortevilt ved hjelp av tannanalyser, beiteregistreringar, bestandsplanlegging  for hjortevilt, viltkartlegging,

forskingsprosjekt som inkl. radiomerking med påfølgande områdestudiar og analyser av bestandsutvikling.

Utarbeiding av forvaltningsframlegg med grunnlag i bestandsestimat og vurdering av beiteressursar på vald, kommune og regionalt nivå. Reiseverksemd må påreknast.

Stilling 2: Kartlegging av biologisk mangfald og vatn
Stillinga er eit vikariat for 4 år med mogeleg fast tilsetjing.
Arbeidsoppgåvene er kartlegging av biologisk mangfald, KU vurderingar knytt til naturmiljø og landskap for ulike utbyggingstiltak t.d. veg, vasskraft, reguleringsplanar mv.

Vatn- og vassdragsforvaltning med registrering og klassifisering av miljøtilstand. Reiseverksemd må påreknast.

Ønska kompetanse for begge stillingane:
Rett person har gode faglege kvalifikasjonar og relevant høgare utdanning innanfor biologi eller naturforvaltning. Du er resultatorientert, har gode samarbeidsevner og er dyktig til å kommunisere både munnleg og skriftleg. Kjennskap til aktuelle dataverktøy er eit krav. God artskunnskap er ønskjeleg. Anna relevant naturfaglig kompetanse kan vurderas avhengig av kontaktnett mv. Vi vil også legge vekt på serviceinnstilling og engasjement for arbeidet.  

 

Vi kan tilby:
Fagleg interessante arbeidsoppgåver, eit godt fagleg og sosialt miljø og løn etter avtale.

Dei tilsette er med og formar si stilling og sine arbeidsoppgåver.
Nye kontor med kantine i Fyresdal Næringshage. Her finn du eit aktivt miljø med 15 ulike verksemder og over 40 tilsette.

 

 

Søknad med utfyllande CV sendast til e-post: post@fnat.no eller pr. post til
Faun Naturforvaltning AS, Fyresdal Næringshage, 3870 Fyresdal.

Kontaktperson: Dagleg leiar Tor Gunnar Austjord, e-post: tga@fnat.no tlf: 97760277