Nyheter:


Overvakingsprogram for Tokke-Vinje vassområde

Faun Naturforvaltning har hatt ansvaret for tilstandsovervaking i Tokke-Vinjevassdraget i 2013.

Konsentrasjonen av næringssalt og klorofyll er registrert og det er teke botndyrprøver.

Overvakingsrapporten viser jamt over god økologisk og kjemisk tilstand. i 2012 blei det meldt om betydelege problem med algevekst og tilslamming av fiskegarn i delar av vassdraget, noko som i liten grad kom fram gjennom overvakingsprogrammet. Det kan vera tilfelle også i 2013.

Overvakinga blei utført i samsvar med nasjonale retningslinjer, og tilstanden er vurdert i samsvar med vassforskrifta. Utvalet av stasjonar er viktig, saman med val av tilstandsparameter.

Faun rapport 041-2013 finn du ved å følge lenka Tokke-Vinje vassområde til høgre.