Nyheter:


Tiltaksanalyse Tokke-Vinje vassområde

Tokke-Vinje vassområde har nå sendt i frå seg tiltaksanalyse og tabell for dei vassørekomstane som er vurdert som under risiko for ikkje å nå miljømålet om minst god kjemisk og økologisk tilstand i løpet av komande planperiode.

Det gjeld 20 innsjøar og 36 elvar, bekkar og bekkefelt. Hovudårsaka til at vassførekomstar er plassert i risiko er vassdragsregulering. For nokre få vassførekomstar er også kloakkavløp, avrenning frå landbruk og sur nedbør ein risikofaktor. I tiltakstabellen er aktuelle avbøtande tiltak og kven som har ansvaret med. For dei regulerte delane av vassdraget er desse tiltaka i stor grad avhengig av korleis det gjeng med revisjonssaka, der den offisielle høyringsrunden var avslutta i haust. Saka ligg nå til vurdering i NVE.

Tiltaksanalysen vil saman med tilsvarande dokument frå dei andre vassområda bli sydd saman til ein vassforvaltningsplan med tiltaksprogram for Vest-Viken vassregion. Planen blir lagt ut på høyring og skal vedtakast med Kgl.res i 2015. Planen skal gjelde for perioden 2016-2021. Avvik frå planen kan påklagast til ESA, som er EØS avtala sitt kontrollorgan.

Faun Naturforvaltning ved Helge Kiland er prosjektleiar for vassområdet og har stått for utarbeidinga av tiltaksanalysen med tiltakstabell. Han har også ansvaret for innlegging av data i Vann-nett, http://vann-nett.no/portal/ som tiltaksanalysen byggjer på.

Dokumenta Ny tiltaksanalyse pr november 2013 og Tiltakstabell Tokke-Vinje pr november 2013 finn du ved å følge lenka Tokke-Vinje vassområde til høgre i menyen.