Nyheter:


Sundsbarm og Seljordsvatnet - krav om opning av revisjonssak

Seljord kommune vedtok i møte 24 oktober å sende krav til NVE om opning av revisjonssak for reguleringa av Sundsbarm og Seljordsvatnet.

Faun har laga grunnlaget for saka og orienterte om det i kommunestyret. Vedtaket om å sende krav om opning av revisjonssak var samrøystes.