Nyheter:


Tiltaksanalyse for Tokke-Vinje vassområde planperioden 2016-2021

Med dette blir utkast til tiltaksanalyse for Tokke-Vinje vassområde lagt ut til innspel og orientering.

Saman med tiltaksanalysen er det lagt ved ein tabell over alle vassførekomstar med risiko for ikkje å nå miljømåla innan utgangen av neste planperiode (2021). Eg bed om at merknader og innspel blir sendt til Faun Naturforvaltning, 3870 Fyresdal, hk@fnat.no innan 15. oktober 2013.

 

Tiltaksanalysen skal vera fullført innan 1. desember og  blir ein del av tiltaksprogrammet for Vest-Viken vassregion, der Buskerud fylkeskommune er ansvarleg forvaltningsmyndigheit. Grunnlaget for tiltaksanalysen er henta frå Vann-Nett, http://vann-nett.no/saksbehandler/. Annan informasjon er lagt ut på Vassportalen, http://www.vannportalen.no/, der utkastet til tiltaksanalyse og tiltakstabell er lagt ut på den regionale sida for Vest-Viken, Tokke-Vinje vassområde, http://www.vannportalen.no/hoved.aspx?m=66887.  Sjå elles dei kommunale heimesidene. 

 

Det er ikkje lagt opp til noko politisk behandling av tiltaksanalysen, men han vil bli diskutert i Arbeidsgruppa for vassområdet og i Kraftutvalet/styringsgruppa for vassområdet. Den regionale forvaltningsplanen for Vest-Viken vassregion, der tiltaksanalysen er ein viktig del, vil derimot bli emne for ein omfattande høyringsrunde før planen blir godkjent av Kongen i statsråd i 2015. 

Link til ny tiltaksanalyse og tiltakstabell for Tokke-Vinje vassområde ligg til høgre.