Nyheter:


Revisjonsdokument Tokke-Vinjevassdraget lagt ut på høyring

NVE har lagt ut revisjonsdokumentet for reguleringa av Tokke-Vinjevassdraget ut på høyring.

Uttale til revisjonsdokumentet kan sendast til nve@nve.no eller i brev til NVE - Konsesjonsavdelinga, postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo seinast 31.mai 2013.

Faun Naturforvaltning lagar i samarbeid med Kraftutvalet for Tokke og Vinje utkast til uttale frå kommunane, som her representerer dei ålmenne interessene. Innspel til uttalen kan sendast til hk@fnat.no før møtet i Kraftutvalet 26. april.